onsdag 13. august 2014

Sommer del 1

No er det lenge siden eg har blogga, hjelpes må skjerpe meg her altså... Her er det ferie enda nokre daga.
Tenkte å skrive litt om ferien vi har hatt i år. Den blei ikkje heilt som tenkt, men har hatt ein super tur...

I år blei det ein Sverige tur igjen, denne gangen i ein camplet. Den kjøpte vi i år og den var ny i fjor, og nesten ikkje brukt. Rart å feriere på denne måten. Foreldra mine hadde camplet i mange år før dei kjøpte seg campingvogn. Så for meg var det litt rart å feriere i camplet igjen, men denne vi har, er nok ein del oppgradert sidan eg var liten ;)

I år reiste vi med ein gong eg begynte på ferie og var vekke i litt over to veker. Vi hadde nydelig ver og fekk sett ein del, og ikkje minst tok det litt roligare enn vi pleier. Blir ein del bilder her...

Vi kom oss litt seint avgårde og planene var å kjøre til Lærdal, men John ville hvertfall kjøre til Gol. Men eit lite stopp på Lærdal måtte vi jo ha, nydelig der :)

Når vi kom til Gol var campingen stengt og det var bom der, så vi fant ut vi kunne kjøre vidare. Seint på natt hadde vi oss eit stopp på ein rasteplass, der vi lagde oss fleskepannekaker. Eg hadde laga røra før vi reiste og fylte den på flasker. Greit å ha kjøkken vi berre kan ta ut ;)


Kjekt med camplet og kjøkken :)

Nam nam godt med fleskepannekaker midt på natta
Vi tok oss ei overnatting i bilen like ved Noresund vi. Ein koselig plass ved Olberg Kirke. Fantastsik flott der.
Når vi kom seint om natta eller tidlig om morningen ;)
Dagtid :)


Etter nokre tima med søvn, satte vi kursen mot Mysen. I Mysen fekk vi kjøpt litt utstyr til camplet`en, vi fekk oss ei taklampe og. Så blei det Sverige og Uddevalla. I Uddevalla skulle vi ha bilen på service. I år som i fjor, blei det Unda Camping på oss. Der lika vi oss egentlig godt, men er ein litt stor campingplass.
Vi er komt på plass på Unda
Ein morning var eg tidlig oppe og gjekk meg ein tur på campingen, tok med meg fotoapparatet og tok litt bilder. Det var visst ikkje berre eg som var tidlig oppe, nokre var alt i gang med bading...





Det var veldig varmt når vi var i Sverige og på Unda fekk vi oss eit bad begge to, jammen sjelden det er så varmt at eg kan bade. Det var ein som sa det var badekartemp i vatnet, men det var no å overdrive ein del synst eg... ;) Men herlig med eit avkjølande bad

Så kom dagen kor vi begynte å tenke på og bevege oss vidare... Då var det å studerer vêrkartet, planen var Gøteborg, men der var det ikkje så bra vêr. Men mot Öland skulle det visst ikkje bli så verst vêr, så vi bestemt oss for å reise dit. Der har vi aldri vore, så kjekt å kunne prøve nye plassa og :)

Så var det å pakke ned campleten, hmm er ikkje berre berre det altså. Til slutt fekk vi hjelp av to "naboer". Og vi lurte litt på kor takboksen vi skulle ha for nokre år sidan var blitt av... Men vi kom oss avgårde til slutt og satte nasa mot Öland og nye opplevelsa :)

John hadde jo kjøpt seg reker, så vi fant oss ein koselig rasteplass der vi kunne få oss litt lunsj.



Etter litt mat var vi klar for å kjøre vidare, vi skulle ha oss ei overnatting før vi kom oss til Öland, men ka som gjorde at eg begynte å kikke på om det var noko å sjå der vi befant oss, huska eg ikkje. Men vi fant hvertfall ut at vi ikkje var langt fra Astrid Lindgrens verden og så fant eg plutselig Katthult... Dit måtte vi jo, vi begge har jo eit "forhold" til Emil i Lønneberget. Så planen var å finne ei overnatting ikkje så langt frå Katthult.
Vi tok oss inn påein lite campingplass på bondelandet, koselig der. Og sidan eg har vore slik ein morgenfugl på denne ferien, så var eg ute ein tur med kamera igjen eg neste morning :) Litt bilder fra Mycklaflons camping...




Når John våkna var det å pakke ned, denne gangen gjekk det ikkje så tregt, men vi hadde berre pakka ut det vi trengte for ei natt. Så var det å finne Katthult, kan tru vi gleda oss til å få sjå der Emil filmane var spilt inn :)
Det tok ei stund å kjøre dit, så john måtte ha eit lite stopp :) Flott plass å stoppe... Her var det ved og grill :)
Så fant vi endelig fram til Katthult :)



Drängstugan, kor Alfred budde


Innsida av Drängstugan

Drängstugan

Trisseboa

Drängstugan og jordkjelleren


Her budde Emil ;)




Snikkarboda



På gården her blei nesten alle utenomhusscenene tatt. Huset Emil og hans familie budde i, var eit privat hus og var for moderne og scenene derifra er visst spilt inn i ett studio..
Etter å ha kosa oss i Katthult, ete is og kjøpt litt souvenira. Satte vi kursen mot Öland, men jammen kom vi til ein plass som hette Lønneberga. Der måtte vi og stoppe. Der vi stoppa stod det litt info og eg såg at det skulle vere ein figur av Emil. Men kor kan den vere hen då, det stod jo ingen adresse der. Men plutselig såg eg han inne i ei lita bod... 

John og Emil ;)

Meg og Emil ;)

Vi kom oss ikkje så langt før vi såg enda eit skilt. Trur det var noko om eit motormuseum. Men det var stengt når vi kom dit... Så vi tok litt bilder av Hembygdsparken vi...




Så kom vi oss jammen til Öland, men kas camping skulle vi velge... Først kom vi til ein svær campingplass,der hadde dei ikkje ledig teltplass med strøm. Så kjørte vi vidare og fant ein liten og koselig camping, Sandviks Camping. Men hadde eg visst det eg veit no, hadde eg nok aldri satt mine bein på den campingen... Hvertfall ikkje med telt... Men det var ein liten og koselig plass, billig var den og...
Når vi kom hit var den stengt, den stengt kl 16, trur det er første campingplassen eg har vore på som stenger så tidlig. Men John ringte til dei og vi kunne berre finne oss ein plass...


 Vi fekk no opp teltet og gleda oss til å slappe av i nokre daga :)


På dagen var det egentlig ein fin plass, og det var masse marihøner der...
Og om kvelden ja då var det ikkje så kjekt å vere der... Då dukka det eine krypdyret opp etter det andre og det krydde av knipedyr der... Du hendelse, kan tru det var liv og hyl i teltet vårt om kveldane... Og ei jakt uten like etter desse dyra.. Vi fant dei overalt, soveteltet blei nøye inspisert før leggetid... Eg trur eg kjem til å ha marreitt om desse dyra i lang tid framover...Æsj....
Litt regn fekk vi og, men då er det jo bra at min kjære hadde kjøpt regnponcho ;)
Sjølv om det ikkje var så kjekt om kveldane når alle dyra dukka opp, så prøvde vi å kose oss. Vi hadde oss og ein tur til Mörbylanga og kjøpte oss pizza på Kajutan mat & husrom :)

God tørke hadde vi og ;)


Vi hadde og ein liten tur til Eketorps borg. Eketorps er eit rundt borganlegg frå folkevandringstida. Og hadde tre byggefaser. Dei hadde og forskjellige aktiviteter for barn
Artig å gå og kikke på borga :)




Men det var ganske varmt å gå der, spesielt når vi var inne...
Om kvelden blei det grilling, det høyrer jo med når det er sommer

Og eg måtte ha meg ein liten tur om kvelden

Så kom dagen vi skulle reise vidare. Denne gangen brukte vi forferdelig lang tid på å pakke ned teltet... Svetten rant på oss begge... Men vi kom oss avgårde like før stengetid...

Trur eg deler opp denne turen elles blir det nok eit veldig langt innlegg...
Ha ein fortsatt fin onsdag og takk for titten :)








Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...