torsdag 31. mai 2012

Blomstertrapp


Min kjære har vært så snill og lage ei flott blomstertrapp til meg. No er den ferdig og den er klar til å bli fylt opp. Idag etter eg leverte eksamen, så tok eg meg ein tur opp på Gartneriet for å feire at eg er ferdig for no (hvertfall til resultatet kjem ;) )
Her er litt bilder av blomstertrapp før den blei ferdig :)
Hyllene er klare :)
Den begynner å ta form :)
Ferdig, blei den ikkje fin??
 Og her har eg vore og fått litt blomster og pynt på den...
Litt er komt på den

Er veldig fornøyd med trappa mi eg
Tusen takk kjære for flott blomstertrapp Då skal eg prøve og rydde litt, men akkurat no kjenner eg at eg har mest lyst å berre slappe av og kose meg ;)
Takk for titten og ha ein flott siste kveld i mai mnd. Tenk at imorra er det 1. juni...

onsdag 30. mai 2012

Hjelp mai har føke avgårde...

Nei dette er dårlig blogging, men får skylde på skriving av ein heimeeksamen... Men får ta eit sammendrag av mai mnd no då... Og det er godt med ei lita pause frå skrivinga til eksamen :)
17. mai hadde eg fri og det var jo godt det. Eg og Mac tok oss vår egen feiring vi, vi tok oss ein tur på Brandsøyåsen vi :)
Litt bilder har eg frå dagen og :)
Flagget vaier i vinden

Litt pynt blei det inne

Mac skjønna ikkje ka eg bala med...
Mac måtte lære seg å bære flagg han ;) Det gjekk over all forventning, hadde trudd han kom til å tygge det i stykker eg :)
Her er bilder frå turen vår :)
Brandsøyåsen 17. mai

Plutselig skulle eg ha ei veke ferie, ikkje at eg gleda meg veldig til det, for den blei brukt til skriving av oppg mi... Men hjelpes kor heldig eg var med vêret då. Då var det å ta med bøken ut og nyte sola som vi fekk :)
Eksamenstid

Nyter frukosten på terrassen :)
Litt anna kos blei det og :)
Hundeavkjøling, Mac elska å få drikke av hageslangen ;)

Varmt for ein hund, godt med ein isbit då ;)
Grilling må til på slike vakre daga :)
Slik har min mai vore så langt. I går gjekk eg tur med turlaget, men den skal eg skrive om i eit anna innlegg :)
Då er det tilbake til skrivinga mi :)
Takk for titten og ha ein flott dag :)


søndag 6. mai 2012

Vinter i mai...

Når ein såg ut igår kunne ein begynne å lure på kor våren vart av. Det snødde,hagla, sola titta fram og kaldt... Og idag er det og snø/sludd...
Idag måtte eg prøve meg på ein tur att, har vore så tett i halsen, så tura i høyden har blitt nedprioritert. Men idag måtte eg altså prøve meg att :) Så då tok eg og Mac oss ein tur til Eikefjordstøylen, ein flott tur, men ganske kaldt... Brr og det begynte jo såklart å snø... Litt bilder frå dagens tur :)
På vei opp

Utsikta på vei opp :)


Ja vi er i mai...

Vi er oppe

Snødde der oppe og ikkje så god sikt ;)
Det var litt fra min dag idag :) Ha ein fortsatt fin søndag og ønsker alle ei flott veke som kjem :) Takk for titten.

torsdag 3. mai 2012

Frank Sinatra kort :)

1. mai hadde svigerfar bursdag og det er som vanlig eit mareritt å lage mannekort. Men plutselig fekk eg ideen om at eg skulle lage eit Frank Sinatra kort, sidan pakken var DVD`ar om Frank Sinatra. Pakken og kortet falt i smak.
Framsida
Eg har aldri laga kort i denne størrelsen før, men artig var det :) Kortet er ca 29,7 x 14,5 cm. På innsida kom det helsing og bilde av meg og John-André og Tommy og Mac...
Innsida
Dette har eg brukt:
Kartong: Tim Holz Ranger-vintager photo
Mønsterark: Lucky 7 Factory, Parfume vintage og Simply Stories, Totally cool
Anna:  Stjerne, alfabet: Lily bee design, charms, diverse stempel, huska ikkje kor alle kjem frå, men den billetten på framsida er frå Tim Holtz, eylets

Elles må eg legge ut nokre bilder av Mac, han fekk for ei lita stund sidan eit bein av ein hjort, gjett om han kosa seg med den i finvêret :) Den fekk han av ein snill nabo :)
Då slutter eg for no, kanskje det ikkje blir så lenge til neste innlegg ;) Ha ein fortsatt flott torsdags kveld, og takk for titten :)

tirsdag 1. mai 2012

1. mai

Då er vi jammen komt til mai... Og idag er det flott vårvêr ute, hadde det berre ikkje blåst slik... Og typisk no når eg har litt fri frå jobben og det er nydelig vêr, så er eg blitt sjuk. Eg og Mac skulle jo vore på fjelltura vi no...
Vi har hatt nokre flotte tura i april og eg gjekk ein tur ilag med Flora Turlag til Gapahuken. Endelig kan eg finne fram dit :) Så er eg blitt med på Dytt med nokre frå jobben, så det passa jo dårlig å bli sjuk, eg trenger stega mine ;)
Første turen tok eg uten Mac, den gjekk eg ilag med Flora Turlag onsdag den 25.04 til Gapahuken. EG har aldri vore der og har snakka lenge om at eg skulle funnet veien dit. Så no kan eg den :)
Gapahuken
Dagen etterpå tok eg og Mac oss ein tur på Hatlesetnipa. Det var ein fine tur :)
Kvitveis :)
Vi er på vei mot toppen :)
Mac er glad og fornøyd :)

Litt bilder frå toppen :)
Litt mat

Mac lura på om han kan lure til seg kjeksa...
Der oppe var vi

Fint å gå her :)
Det var litt frå slutten av april her hos oss :) Ønsker alle ein fortsatt fin 1. mai og takker for titten :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...