søndag 5. november 2017

Biker Bob

Tenk at vi alt er komt til november, og det betyr ny utfordring hos Papirlosjen. Denne gangen er temaet til ham og vi har blitt sponset av Lacy Sunshine.

Denne gangen blei det eit veldig enkelt kort.
Her har eg brukt:
Kartong: Bazzill-svart
Mønsterark: Studiolight-Scrapin03
Digistempel: Lacy Sunshine-Biker_bob_gnome
Dies: Papirdesign-Gratulerer
Motiv er fargelagt med Promarker



Kom og bli med på utfordringa vår og ta turen innom Papirlosjen :)

Det var det eg hadde for idag. Ha ein flott dag og takk for at du tok ein titt.

søndag 29. oktober 2017

Tøff og kul

Igår feira fadderungen min bursdagen sin og som gudmor måtte eg jo lage eit kort til han :) Denne gangen blei det eit rammekort. Eg har laga dette ein gong før, men styra slik på med å få det til. Men så fekk eg ein mal av Monica som var mykje lettare å skjønne seg på. Den kan du sjå her



På kortet har eg brukt:
Kartong: Svart
Mønsterark: Kort & Godt-Retro rød
Dies: Papirdesign-Hipp hurra
Alfabet-Chocolate
Embossingpulver: Svart og kvit
Trepynt: Wycinanka-Tøff og kul

Trepynt og navnet har eg embossa med svart embossingpulver. Det samme har eg gjort med monsterstempel inni kortet. Denne stempelplata kan du finne hos Scrapomania

Blir nok ikkje siste rammekortet eg lager, enkelt og etter eg fekk denne malen blei det jo morro å lage og ;)

Det var det eg hadde for idag, takk for at du tok ein titt.

fredag 6. oktober 2017

Til henne

No er vi jammen komt til oktober, tida fyker avgårde... Det er og tid for ny utfordring hos Papirlosjen. Denne gangen er temaet til henne.
Vi har fått leika oss med nydelige digi stempel fra Ching-Chou Kuik. Eg har brukt denne herlige digien, Snowflake angel


På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill-kvit
Mønsterark: Papirdesign: Julestemning-stjernehimmel
Stempel: Snowflake angel og Papirdesing-Ord til deg
Annet: Kort & Godt-pyntebær, diverse blomstra
Dies: Kort & Godt- Rektangel med søm,
Marianne Design-istapp



Motivet er fargelagt med Promarker. Snøfnugg har fått litt glitter på seg. No gleder eg meg til frihelg og forhåpentligvis tid til å gjere litt hobby. Takk for titten og ha ein flott dag og helg.

søndag 24. september 2017

Mixed Media tag

Idag vil eg vise to tag'er eg har laga som inspirasjon til utfordringa vi har gåande i Papirlosjen, Mixed Media. Denne gangen har eg virkelig gått ut av komfortsona mi på den eine tagen... Men jammen er det kjekt å leike seg og prøve seg på nye teknikker.

Herretag har eg brukt:
Kartong: Kvit
Mønsterark: Kaiserkraft-Factory
Rust effect paste: Gold rust, Brown rust og red rust
Spray: Svart og kobber
Annet: Stjerner og tretannhjul, band
Dies: Tim Holtz

Har og tatt rust effect og alkohol ink rundt kantane på tag'en


Stjerner og tannhjul har og fått ein omgang med rust effekt. Likte effekten av rust, trur nok at eg vil bruke dette igjen


Har og spraya tagen med svart og kobber. Eg hadde ønska at kobberen skulle vere mørkare enn den var, synst den blei veldig glinsande. Men eg tok på herremannen og då blei det ikkje så verst.

For å få denne rust effekten har eg brukt eit sett eg fekk i gave for ei stund sidan, og det var no jammen på tide å bruke det.


På den andre tag'en har eg brukt:
Kartong: Kvit
Distress Oxide: Cracked pistachio og Twisted citron
Perler: Staz-krem
Diverse blomstra og band


Blei ein enkel tag, men kjekt å sjå kordan den forandra seg.

Den andre tag'en har eg kosa meg med Distress Oxide, tørka og spraya med vatn til eg fekk den slik eg ville ha den.


Noko av det eg har brukt finner du hos Scrapomania.
Det var det eg hadde for idag, takk for at du tok ein kikk. Kanskje du har lyst å prøve noko du har som berre er blitt liggande? Ha ein flott dag og kos deg med scrapping :)

tirsdag 5. september 2017

Lykke i kverdagen

No er det tid for ny utfordring hos Papirlsojen, denne gangen er det Mixed Media som er temaet. Eg har valgt å lage ein LO av min godgutt :) Lykke i kverdagen for Mac er å få komme på tur og utforske og ekstra lykke å få lov å badet litt. Og denne dagen hadde vi nydelig vêr og tok oss ein tur til Sørstrand.


Her har eg brukt:
Stensil: Prima
Blomster: Den store er fra Prima, dei andre er eg usikker på
Stempel: Studiolight basic background stamp
Diverse: Finnabair-Glass beads-Crystal, Micro Beads-Splash
Strieband som har fått gesso på seg
Flaske er fra Tim Holtz
Dylusions-Ink Spray: Black
Distress Stain: Picket fence

Noko av det eg har brukt finner du hos Scrapomania.
Eg har brukt dylusions spray for å få litt flekker her og der og distress stain har eg hatt på ein Splatter brush

Det var det eg hadde for idag. Håper du har fått litt inspirasjon til å vere med på utfordringa vi har gåande. Ha ein flott dag og takk for titten.

søndag 13. august 2017

Dyreparken

Idag er det min tur til å blogge for Papirlosjen og komme med litt inspirasjon til utfordringa Alt er lov. Vi er sponsa av Lacy Sunshine og denne gangen har eg brukt dette herlige digistempelet, Bernard-Stitched collection, Idag vil eg vise ei PL side, her har eg virkelig gravd langt ned i bildene mine... Men tenkte at denne herlige apa, passa så flott til denne sida :)


På denne sida har eg brukt:
PL-kort: American craft-Animal
Diecuts: Kaiser craft
Alfabet: Simple stories
Pynt: Blomstra-Prima
Hjerter-doodlebug design
Klistermerke: Papirdesign
Washitape
 Motivet er fargelagt med Promarkers



Godt å få vekk litt gamle bilder og. Er jo synd at dei skal ligge i ein boks. Så kanskje eg må finne fram fleire gamle bilder eg kan sitte og kose meg med no når høsten er komt her på Vestlandet ;)



Det var det eg hadde for idag, då ønsker eg deg ein flott og kreativ søndag. Takk for titten

onsdag 2. august 2017

Kort og bokmerke

Som DT i papirlosjen er vi så heldige at vi blir sponsa av Scrapomania, no i juli var eg ein av dei som fekk ein overraskelse i posten. Heldige meg. Eg fekk ei lekker blokk og ein hjørnedies, som egentlig ga meg ei utfordring... Men det er jo det som er kjekt. Likte diesen veldig godt og blokka var jo midt i blinken med sitt trelook.


Eg har laga eit bryllupskort, synst dette motivet passa heilt perfekt til denne blokka. Har brukt motiv og bling utenom.


På dette kortet har eg brukt
Kartong: Bazzill-svart
Dies: Hjørne dies
Blokk: Studiolight Paper pad
Bling: Dixi craft-Rhinestone
Motiv: Maja Design

Bokmerke blei til fordi eg kom på at hjørnediesen måtte vere perfekt å bruke til noko slikt. Og det gjorde den jammen meg :) Her har eg brukt ein blomstercharms utenom. Eg leser ein del når det er ferietid, og har nokre bokmerker, men dei har ein tendens til å forsvinner når eg har bruk for dei...


Det var det eg hadde for idag. Takk for titten og ha ein fortsatt fin sommer.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...