tirsdag 25. april 2017

Utfordring

I helga var eg på treff i Geiranger og gjett om eg kosa meg. Vi var tre stykker som laga ei utfordring til kverandre og jammen blei det ei utfordring. Vi skulle finne 5 ting kver som vi skulle pynte med, her låg det alt fra blomstra til ku og rosa tyll ;) Her er bilde av det vi skulle bruke


Vi fekk fire tima på å bli ferdig og jammen blei det tre flotte og artige kort ;) Og vi måtte bruke alt vi fekk. Eg var litt spent på kordan eg skulle plassere kua, men til slutt ( og ein smule overtrøtt) fant eg ut at den der kua var ein smule hissig så den kunne ikkje gå fritt rundt (eg er heller ikkje veldig begeistra for kyr, har møtt på ei som ikkje var heilt blid). Så den fekk band på seg den...

Her er mitt kort av mi sinte ku ;)


Det eg har brukt på sjølve ramme er det eg har brukt utenom. Der har eg brukt
Stempel fra Amy Design-Vintage vehicles
Watermark stamp Pad-VersaMark
Kobber pulver som er varma med varmluftpistolen min.
Ja og inni ramma har eg brukt stjerner fra Kort & Godt

Lag gjerne ei utfordring til kverandre, kjekt å sjå kor ulike korta blir, med samme innhold. Artig blei det no. Takker for titten og ha ein flott dag :)


1 kommentar:

  1. Det gjer godt med litt utfordring,det trigger hjernen !

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...