fredag 24. februar 2017

Ryggsekk

No nærma vi oss slutten på Februar, er litt godt å vite at vi går mot lysare tider :) Men jammen kom snøen og... Eg er egentlig veldig glad i snø, men skal innrømme at akkurat no var eg begynt å forberede meg til våren eg ;)

Her om dagen fekk eg bestilling på eit kort til ein som liker å vere ute i naturen og spille gitar. Lurte lenge på ka eg skulle finne på. Til slutt tenkte eg at ein ryggsekk måtte jo passe til han. Oppi sekken ligger sjølve kortet. Inspirasjon fant eg hos papirdesign der Mette hadde laga denne flotte sekken. Eg har brukt kartong som lokk, ikkje sjølve posen. Og kortet blei eit slikt twist pop up kort, og eg har kosa meg heile veien. Aldri laga hverken sekk eller pop up kort, kjekt å prøve seg på noko nytt:) Malen til pop-up kortet fant eg på denne videoen.


På sekken har eg brukt:
Kartong: Kraft
Mønseterark: Pion: Misters Toms Treasure-Toms motorcycle
Stempel: Kaboks
Annet: Hemper-Tim Holtz, trepynt, splittbinders, band
Papirpose


Sekk har målene ca 20 x 12,2 cm, med lokk er lengden ca 26 cm. Kantane er sverta med Distress Ink- gathered twigs

På kort har eg brukt:
Kartong: Bazzill- Stonehenge og Cinder
Mønsterark: Papirdesign: Muligheter-Drivved
Echo park paper- Suave
Stempel: Kort & Godt
Dies: Spellbinders
Bål: Joy
Annet: Blomster, Charms, trepynt


Denne bretteteknikken vil eg nok prøve igjen, var heller ikkje vanskelig.


Ein liten overraskelse når ein opnar kortet
Håper mottaker blir fornøyd og. Inni har eg brukt nokre gamle bilder av han. Og bål og noter måtte jo og vere med, passer godt til ein som er glad i å vere i naturen og spille gitar:)

Blei litt dårlige bilder, men måtte ta dei i full fart for plutselig kom svigerfar for å hente kortet. Og han er ikkje av den tålmodige typen, hihi..
Ha ein finfin dag, og tusen takk for titten :)

4 kommentarer:

  1. Ein herleg kreativ løysing på grbursdagskort til ein glad tur gåar.

    SvarSlett
  2. Veldig flott både sekk og kort :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...