mandag 20. juni 2016

Vetvika - ei naturperle

Endelig skulle eg få komme meg til Vetvika i Bremanger, denne har eg drømt om ei stund. Plassen du enten må ta deg ein fjelltur til eller komme sjøveien. Det blei tidlig opp for ei nattugle, kl 07 var det avreise frå Krokane igår søndag.
Og advarsel er gitt, det blir mange bilder her ;)
For ein fantastisk tur, denne turen kan anbefalast. Vi gjekk frå Svarstad, kor vi møtte Keipen Turlag og Indre Sunnfjord Turlag.


I starten følger ein veien som går opp til fjernsynssendaren på Steinfjellet.


Eg ville helst gå med nokre som va kjent første gangen, men trur eg skulle ha funnet fram aleine og. Turen er godt merka :)
Noko dårlig vêr i starten, kaldt, skodde og skodderegn, men det blei berre bedre og bedre vêr :)

Her tok vi av med veien og begynte turen mot Vetvika



Lang lang rekke



No nærma vi oss og det begynner å opne seg og vi ser sjøen. Då er det berre å håpe på at skodda ikkje ligg der nede og ødelegger utsikta... Men når eg begynte å sjå sjøen, begynte trua på at skodda ikkje var der nede :)

Og skodda låg ikkje der nede og synet er nesten ubeskrivelig... Noko så flott... Her hadde vi ei lita matpause før vi begynte på nedstigninga.

Eg ute på kanten, fornøyd med at skodda ikkje låg over vetvika

Vetvika der nede
Etter ei pause og felles bilde, begynte nedstigninga. Og Vetvika kom nærmare og nærmare. Og det var bratt ned... Men vi kom oss alle heile ned :) Gjekk heilt fint å komme seg ned.
Vetvika

Nå vi kom ned fekk vi ca 1,5 time, der vi kunne gjere det vi ville. Så då valgte nokre tøffinger å bade. Fekk jo sydenstemning med den fine stranda, men den følelsen forsvant når stortå skulle kjenne på tempen... Brr kor kaldt det var...
Flott strand


Når vi satt der så blei det plutselig ei opning i stranda og vatnet som låg inne på stranda berre rant ut.
Stranda lagde plutselig ei opning
Etter ei lita pause tok vi turen ut til kirkegården. Var ikkje mange steinane der og ein uten navn. Var forferdelig med brennenesler mot kiregården... Og det svei til tider godt på leggane ;)

Kirkegården

Huset held på å bli pussa opp etter at orkanen i januar ødela taket.

Så var pausa over og vi skulle begynne på oppstigninga att... Vi tok turen ut til bautasteinen. Turleder og kjentsmann kunne fortelle at steinen var utstyrt med eit hode fra gamalt, men steinen hadde mista det når ein mann hadde komt over fjellet og slått av hodet.

Jammen har dei ein kannestein i Vetvika og ;)

Bautaen
Så gjekk turen mot ura, for å komme seg oppatt...
Solheim gård

Utsikta fra Solheim gård
Lettaste veien heim att går om Ura står det i ut.no. Då følger du merkepinnane til Solheim og langs nordsida av Solheimsvatnet. Ved enden av vatnet tek ura til med jamn stigning til ca 450 høgdemeter. Så då var det berre å brette opp armane og begynne på turen tilbake...


Solheimsvatnet

Snart begynner oppstigninga
Det var godt med litt pauser innimellom ;) Og flott utsikt mot Solheimsvatnet...
Solheimsvatnet

Godt med ei lita pause


Så forsvant Solheimsvatnet frå utsikta. Eg gleda meg alt til vi skulle få gå litt slakt :)

Og så var berre resten att før vi kom nedatt til Svarstad og bilen ;)
På vei nedatt
Sjølv om det var dårlig vêr til tider kom det seg og turen var ein fantastisk opplevlese. Tungt synst eg det var, men kom meg no både opp, ned, oppatt og nedatt :) Kan virkelig anbefale turen. Ha ei fin veke og no er det nok mange som har starta på ferie. Her er det berre å gjere seg klar for nattevakt.
Tusen takk for titten :)

fredag 10. juni 2016

Eksplosjonsboks bryllup

Idag har eg laga inspirasjonsbidrag til Papirplaneten. Håper mange blir med på utfordringa vi har no, med tema bryllup.

Eksplosjonsboks
På denne boksen har eg brukt:
Kartong: Bazzill-kvit og pomegranate
Mønsterark: To my Valentine-Love is in the air og Valentine`s roses
Stempel: Kort & Godt-Kjærlighet. Når to hjerter-Kaboks
Annet: Blomstra, charms, hjerteperler, perleband
Dies: Spellbinders-Marvelous squares
Alfabet: Nellie Snellen
Boksen open

Inni boksen har eg laga ei firkanta bryllupskake, som ein kan ta av kaka og legge pengegave nedi boksen. Då bestiller sa at dei ønskte seg penger, fant eg ut at det var ingen  dum ide. Malen på firkanta kake fant eg hos denne dama :)

Burde visst fått meg kurs i blomsterdekorasjon..
Kaka inni boksen

Kaka kan man løfte av og legge penger i boksen

På toppen lagde eg eit blomsterhjerte og ein charm.

Idag er eg og Snuppa i Ålesund og gleda oss masse til treffet på Flisnes. Endelig kjem vi oss dit, eit halvt år for seint ;) Sist gang kom uværet Tor og satte ein stoppar for turen... 
Ønsker alle ein flott dag og tusen takk for titten :)

søndag 5. juni 2016

Sommer og late dager

No er vi komt til juni og vi er gått inn i sommermnd. No nærma det seg ferietid og kankskje late dager på sjøen eller stranda. No har vi i Papirlosjen ny utfordring pågang, og ka passer vel ikkje bedre enn temaet maritimt no når vi har sommertid :)

Denne gangen har vi blitt sponsa av Wycinanka, eg har brukt pil med måse og hjerte

På denne PL sida har eg brukt:
Kort: Huska eg ikkje kor er ifrå
Hjerte og måse: Wycinanka
Alfabet: Sn@p! studio by simple stories
"Fiskegarn" er kjøpt for lenge sidan og huska ikkje kor det er ifrå
Tekst: Papirdesign-Hverdag og sommer
Glanzmerker hjerter: Staz
Kos i Smögen
Bildene er ifrå då vi var i Sverige og tok oss ein dagstur til Smögen, ein vakker plass på vestkysten av Sverige. Og John fekk seg gode reker, han berre elska reker og eg er sikker på at han kunne ete dette kver dag... Så denne dagen var midt i blinken for han :) Og eg synst bildene er maritime nok, brygge, sjø og reker :)
Vi begge likte oss godt på denne plassen. Veldig koselig å gå nede på bryggen. Vi koste oss med reker og is. Akkurat slik ein bør gjere når ein har ferie, nyte livet :)


Kjekt når man endelig får putta bilder i album. Ting tar tid og dette var jo i 2013, så det var jammen på tide... Men no er det lettare å lage albumsider, etter eg fekk smaken på PL sider.


Det var det eg hadde som maritim inspirasjon og håper du har lyst å delta på utfordringa vår. Gleda meg til å sjå alle fine bidrag som kjem :)
Denne gange skal eg jammen hive meg med på utfordringa til Project life i Norge
der eg har blitt inspirert av farger og stemning i bilde. John er jo i himmelen her, då han elska reker :) 
Takk for titten og ha ein flott og solrik dag :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...