torsdag 18. september 2014

Sommer del 2

Når vi reiste frå Öland, var planene reise mot Malmø. Vi fekk eit tips om å reise til Trelleborg. På vår vei dit fekk vi med oss ein nydelig solnedgang, dumt den blei tatt med mobilen...

Vi havna i Falsterbo på Ljungen camping & stugby. Heilt grei camping, men det var jammen trangt der. Vi låg i "båser" og det var ikkje alltid like lett å komme seg ut att ;)

Første dagen på Falsterbo var ein regnfull dag. Eg tok meg ein tur opp på butikken for å kjøpe frukost til oss, då blei det ferske rundstykker på oss. Litt kos er viktig om morningen og :)


Det letta utover dagen og eg fant ut eg ville gå og finne stranda. Godt å få lufta seg litt. Men då eg kom bort dit ein skulle gå ned til stranda, lurte eg no jammen på om det var trygt å gå nedover. Stod både små og store varselskilt...

Såg ingen folk som gjekk der heller.. Så kom det eit par gåande og eg tenkte at jaja då må det vere trygt å gå der, eg får berre passe på å gå på stien ;)

Åååå kor flott strand det var der, herlig sand så langt ein kunne sjå... Her må eg få til å bade om eg tørr...

Dag to på Ljungen camping blei ein fin dag. Så då måtte jo eg ned å teste stranda og få meg eit lite bad.Og sidan det var fleire folk uti og bada, ja då kunne det no ikkje vere noko farlig uti der... Var litt vind, men eg hadde no bestemt meg for å bade og då blei det slik ;) Og det var ikkje heilt min badetemp der...



Litt ut på dagen tok vi oss ein kjøretur mot Malmö. John ville prøve å ta nokre bilder av Öresundbroen, vi havna nesten på brua. Hjelpe land vi er på vei mot Danmark... Men heldigvis kom det ei siste avkjørsel, så den måtte vi ta og kom oss ut av veien mot Danmark...

John fant til slutt ein plass der han kunne få litt bilder av brua, han er jammen flink til å finne fram.

Etter å ha tatt litt bilder og prata med ein hundeeigar (som hadde ein Flat), satte vi kursen mot Malmö og Turning torso. Detter er eit artig bygg, detter er visst Nordens høgaste bygg med 190 m.


Ved dette bygget stod det ett "auge", kunst som er laga av Annika Svenbro

Så nærma det seg veldig heimreise, vi gjere oss klar for å reise vidare. Planen var Gøteborg, men det var visst ikkje så bra vêr der, så vi kjørte mot Karlstad. Men på vår vei såg vi eit skilt mot Bohus festning og dit måtte vi jo opp å kikke :) Bohus festning var egentlig norsk og det var den norske kongen, Håkon V Magnusson, som starta byggningen i 1308. Denne festningen skulle markere Norges sydlige grense

 







Kjekt å gå og kikke i Bohus festning og kjekt med litt pause under kjøringa.

Vi havna til slutt på Uddevalla igjen og denne gangen tok vi ei overnatting på Hafsten camping. Her blei vi berre ei natt. Dette blei ein altfor stor camping for oss to...


Vi kjørte til Strömstad, der John skulle hente ein pakke. Men når vi kom var posten stengt. Planen var å kjøre til Norge, men sidan det var stengt måtte vi bli litt lengre i Sverige. Vi kjørte til Bofors camping. Denne dagen kom vi til campingen til normal tid, så vi fekk grilla og kosa oss. Her blei det to overnattinger


Dagen etter tok vi oss ein tur til Nordby senteret, der fekk vi no brukt litt penga ;) Og eg og John kjøpte oss nokre bøker:
"Svindel og multelikør" Catharina Ingelman-Sundberg
"Hvor ble du av, Bernadette" Maria Semple
Dette er John sine bøker, eg fant ikkje ei bok eg kunne tenke meg, så eg gjekk for å betale. Då spurte ho i kassa om eg hadde lest ei bok og den kunne ho anbefale på det varmaste. Så eg endet og opp med ei bok:
"Et helt halvt år" Jojo Moyes
Den skal visst vere veldig bra, glad og trist, og tårene får visst fart på seg og... Så no tenker eg det skal lesast her inne på Midttunet ;)

Så blei det mandag og John kunne komme seg på Posten for å hente pakken sin. Vi hadde eit lite stopp på Nordby igjen for å handle litt kjøtt og slikt. Så satte vi kursen mot Norge og Alvdal...
Turen til Alvdal tok lang tid, følte vi kjørte og kjørte og aldri kom nærmare..

Men til slutt kom vi oss til Alvdal, der hadde vi leid oss ei hytte, då det var meldt regn og vi hadde ikkje lyst å pakke ned teltet veldig vått. Og for ei koselig hytte, sjølv om det ikkje var vatn i hytta. Heilt grei for ei overnatting, og eg kan gjerne komme tilbake dit :)
Andersstua






Etter litt søvn tok vi turen til Aukrustsenteret. Det først vi møtte på var ei geit i band og ei koselig dame. Geita likte visst å bli kosa med ;)
Nyter kosen


Vi er klar for å gå løypa ;)


Vi gjekk ruta som skulle føre oss til  raketten og ta oss ut i verdensrommet ;) Var mange aktivitet vi måtte gjennom, er nok kjekt for unga dette her :)

Stylter var gøy :)







 Då var vi jammen santen komt oss til raketten, berre eit lite stykke att no, før vi kanskje blir godkjent ;)
Vi måtte gjennom øvelsa inne i raketten og, vi måtte jo tåle å komme i verdensrommet ;)








Og jammen santen blei både eg og John godkjente Flåklypa astronaut :)

Så gjekk turen vidare til museumet, masse artig å sjå på der...


 
 










Etter ein tur i verdensrommet og trakking i museumet, var vi sultne og fant ut det var på tide med ein liten matbit.

Så satte vi kursen mot Florø, men på vår vei såg vi eit skilt Folldal gruver, skal vi kjøre oppom eller ikkje. Nei vi er no på ferie, vi kjører oppom. Og det angra vi ikkje på, kjekt å få med seg dette og. Så skulle dei akkurat ha ein togtur inn i gruva. Så vi heiv oss med inn i gruva... Brrr der var det jammen kladt, berre 5 grader... Det var alltid 5 grader inne i gruva... Vi brukte litt tid der, men det gjorde ingeting og begge var fornøyde med stoppet...


 Vi er klar for å få omvisning inni gruva :) Teppene var gode å ha.


Ein artig kar som følgte nøye med på ka vi skulle i gruva hans ;)


Worms hall


Worms Hall
 Inne i worms hall hadde det blitt arrangert konserter og bryllup ...





 Rondane håpa eg at eg kan få utforske ein gong :)




Så kunne vi sette kursen mot Florø og etter det blei det ikkje fleire stopp, utenom pauser vi måtte ha....

På vei ned strynefjellet

Nydelig utsikt :)

Rosa traktoren måtte forevigast ;)

Då er det vel på tide å bli ferdig med sommerdel her på bloggen... I år har vi jammen hatt ein fin sommer og fortsetter jo enda. Det er jo berre herlig :) Det blei ein del bilder denne gangen og, men er ikkje lett å skal kutte ned på dei... Og vi har hatt ein fantastisk flott ferie i Sverige :)

Takk for titten, ønska dokke ein flott torsdag :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...