fredag 19. september 2014

Snøfjellet (782m.o.h)

Endelig kom eg meg opp på Snøfjellet, sist eg og Mac prøvde, var det ein del snø og vi trakka berre gjennom... Til og med Mac lurte på ka som va meininga med å gå der å vasse... Så eg fant ut at dette turmålet fekk vente litt. Så no i slutten av august kom vi oss opp :)
Vi parkerte ved tunnelen ved Magnhildskaret og gjekk opp på høgre side av veien, det er skilta til Snøfjellet.
Er litt bratt i starten, så flater det ut. Følte eg brukte ei evighet på det bratte partiet, med ein forkjølelse og hoste som ikkje vil heilt slippe taket, var eg nok eit syn der eg traska oppover, med hostepauser i hytt og pine...

Men kosa oss gjorde vi :)
Det blei visst ein del bilder på denne turen og...

Finaste gogutten :)

Bading må ein gjere når man er på fjellet

 Litt trøbbel hadde vi på denne turen og, blir visst litt roting kver gang eg er på fjellet. Men då er det godt å treffe på skilt som seier at vi er på rett vei...



Jippi vi er snart framme, alltid kjekt å sjå vardane på fjelltura :)
Mac litt motvillig, men matmor vil ha bilde av han
Nydelig utsikt

Herlig vêr



Oki ett siste bilde, men no er det nok...








Ein herlig fridag, og ganske fornuftig å bruke den på fjellet :) Både eg og Mac var fornøyde. Takk for titten, ha ein fin fredag og god helg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...