lørdag 20. september 2014

Posekort til 40 åring

Blei invitert til ei eg jobba med før som skulle feire 40 års dagen sin. Eg hadde jo såklart jobbehelg, men ein gave og eit kort måtte ho jo få. Eg fant ut eg ville prøve å lage eit posekort. No er kortet levert til jubilanten, så no kan eg legge det ut her på bloggen :)

Kortet er laga av ein god gammal matavfallspose vi hadde her i kommunen før. Sukk, skulle gjerne fått dei tilbake ;) Desse skulle eg gjerne hatt enda fleire av altså ;)

På dette kortet har eg brukt:
Bazzill: Vanilje og kraftkartong
Mønsteark: Maja Design: Ska vi ta en Fika-mandelkaka m plommon. Papirdesign: Forventning-Sommerfugl i solskinn
Stempel: Norsk Stempelblad: Gratulerer, Stor klem og herlig bursdagsfest. Tekst på tag er frå Kort & Godt.  Resten er frå Kreativ hobby.
Annet: Kantane sverta med Distress Ink-Brushed corduroy. Band, charms, blomstra.
Tim Holtz-Muse tokens. Spellbinders-Lacey Ovales. Posen er mala med gesso rundt kantane
Alfabet: Tim Holtz-Industrious stickers
                                     



Litt bilder frå innsidene. Her er det bilder bak "lukene", frå tura eg og Vigdis har hatt ilag.



Hafstadfjellet

Storehesten

Halbrendsnipa

Øyane over :)

Her har eg laga ein tag, der eg har skrevet ei lita helsing til ho :)

Takk for titten og ha ein flott dag :)

2 kommentarer:

  1. Så flott arbeid og så er du så kreativ. Kjekt å sjå det du legger ut her, gleder meg over ditt arbeid.
    Ein fryd er det.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...