søndag 20. oktober 2013

Knapstadstøylane ca 410 m.o.h :)

Huff no er det jammen lenge sidan eg har blogga. Tida har jo berre føke avgårde og det har blitt lita tid til hobby... Men eg har no fått til nokre flotte tura i fjellet :)
Vi hadde jo ei veke ferie der vi reiste til Tyrkia og når vi kom heim var det rett på ein liten tur ilag med Mac :)
Den 10 oktober skulle vi prøve å finne Knapstadstøylen, gjekk jo til den før tyrkiaturen, men då måtte vi snu pga mørke og kom ikkje fram.
Vi parkerte ved rasteplassen i Eiefjorden og gjekk mot Eikefjordstøylen

Visst du skal til Eikefjordstøylen går ein over brua (Stølsbrua) :) Når eg kom til brua gjekk eg til høgre, stien er godt merka.

Fint å gå tur denne dagen og Mac fant seg et lite vatten han kunne ta seg eit bad i :)
Høstbad
Det var visst ikkje så lett å finne desse støylane, og spesielt når ein ikkje er kjent. Eg gjekk for langt oppi høyden gjekk så ned att litt og opp att litt til... Kor kan den vere hen, den må jo vere her i nærheten...
Flott utsikt på Bleikeknollen
Jaja vi får nyte utsikta her vi er litt då og plutselig så snur eg meg litt og går fram på kanten av berget eg står på, som eg trur heiter Bleikeknollen. Ka ser eg då...
Åååå Mac der er det  :)
Der nede er jammen sant Knapstadstøylane :) Endelig... Då var det berre å vandre enda litt ned...




Knapstadstøylen

Knapstadstøylane
Det var ein fin tur og ein flott plass dette. Her må vi nok gå igjen :)
Mac nyter den fine utsikta

Flott turterreng

Mac har bada igjen ;)
Så var det å gå nedatt til bilen, flott utsikt var det også. Neste gang får vi ta turen til Eikefjordstøylen og...
Det var det for denne gangen. Ha ein flott søndag :) Og takk for titten :)




1 kommentar:

  1. Jammen er du driftig Annelen. Fine turer får du tilbake med Mac som turkammerat. <3

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...